Betingelsar

For påmelding, send ein e-post til postmaster@langvatntrafikkskule.no med namn, fødselsdato, mobilnr. og epostadresse til den som skal på kurs
eller benytt påmeldingskjema her på heimesida.


Påmelding er bindande. Plass som ikkje er avbestilt innan 5 virkedagar før kursstart fakturerast i si heilheit.
For køyretimar er avbestillingsfristen 24 timar. Avbrutt YSK-kurs blir ikkje refundert.


Faktura blir utstedt etter oppstart.
All opplæring betalast ved forfall, og ikkje seinare enn 3 dagar før framstilling til førarprøve.


Alt av opplæring og prøver foregår på norsk. Vi set difor krav om norskkunnskapar tilsvarande nivå B2 for å kunne delta på kurs.
Det er ikkje tillete med tolk, verken ved teoretisk eller praktisk prøve i tunge klasser.