FØRARKORT KLASSE B

Alderskrav 18 år

Klasse B gjeld for føring av motorvogn med tillatt totalvekt på høgst 3500 kg, og som er godkjent for transport av høgst 8 passasjerer i tillegg til førar.

Med klasse B kan du etter hovudregelen trekke hengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg. Er bilens tillatte totalvekt 3500 kg, kan vogntoget (bil + hengar) si tillatte totalvekt vere inntil 4250 kg.

Dersom hengaren si tillatte totalvekt er over 750 kg, kan du trekke den med KL B dersom vogntoget si tillatte totalvekt då er høgst 3500 kg. Dette går under den såkalte "campingvogn-regelen". Tillatt totalvekt finn du i vognkorta til bilen og hengaren.


Når trafikalt grunnkurs er gjennomført og beviset er mottatt fra Statens Vegvesen samt at du er fylt 16 år, kan du byrje å øvekøyre. Dette kan du gjere med oss i form av køyretimar, eller heime med godkjend ledsager.

Opplæringa foregår slik:

- Trinn 1 (Trafikalt Grunnkurs) 
- Trinn 2 (Grunnleggjande kjøretøy- og kjøretøykompetanse)
- Trinn 3 (Trafikal del)
- Trinn 4 (Avsluttande opplæring)

Vi anbefalar i tillegg alle å øvelseskjøre så mykje som mulig privat, med ein ledsager over 25 år som har hatt førerkort klasse B samanhengande i 5 år. Vi anbefalar også at foreldre eller ledsagar tek kontakt med trafikklærar om det er noko de er usikre på.

Har du gjennomført trafikalt grunnkurs, tilbyr vi ei pakkeløysing som inneheld både den obligatoriske opplæringa og ekstra køyretimar utanom det obligatoriske.