FØRARKORT KLASSE B96

NESTE KURS

Lastsikringskurs BE/B96 blir halde som kveldskurs kl. 17.00-19.00 på følgjande datoar:
  • 16. August
  • 17. Oktober
Vi tek også inn elevar imellom dei oppsatte kursa, ta kontakt så lagar vi gjerne eit tilpassa opplegg for deg.

Ta kontakt for påmelding

Alderskrav 18 år

Denne klassa gir rett til å føre vogntog (bil +henger) over 3500 kg og inntil 4250 kg

Altså kan du føre vogntog med samla tillatt totalvekt som er 750 kg høgare enn vogntogvekta på 3500 kg for rein klasse B.

Opplæringa går over 7 obligatoriske timar på trafikkskulen.

Desse timane består av kurs i sikring av last (2t), 2 veiledningstimar (à 45 min) og sikkerhetskurs på veg (3t.)

Det er ikkje påkrevd med noko førarprøve for denne klassa. Når obligatorisk opplæring er gjennomført og registrert hjå statens vegvesen, kan nytt førarkort hentast på trafikkstasjonen.


Sjekk ut vegvesenet sin tilhengarkalkulator. Tast inn reg.nr. så kan du raskt få info om kva førarkort du treng og kor tung hengar din bil kan trekkje.