FØRARKORT KLASSE BE

NESTE KURS

Lastsikringskurs BE/B96 blir halde som kveldskurs kl. 17.00-19.00 på følgjande datoar:
  • 24. Oktober
Vi tek også inn elevar imellom dei oppsatte kursa, ta kontakt så lagar vi gjerne eit tilpassa opplegg for deg.

Ta kontakt for påmelding

Alderskrav 18 år

Denne klassa gjeld trekking av tilhengar med tillatt totalvekt over 750 kg og som ein ikkje kan trekke med rein klasse B eller klasse B 96.

Med KL BE kan du føre vogntog (bil+hengar) over 4250 kg og inntil 7000 kg. Tilhengaren si tillatte totalvekt skal vere høgst 3500 kg.

Skal du trekke hengar med tillatt totalvekt over 3500 kg treng du førarkort i kl C1E, sjølvom bilen tilhøyrer klasse B.


Opplæringa går over 7 obligatoriske timar på trafikkskulen.

Desse timane består av kurs i sikring av last (2t), 2 trinnvurderingstimar (à 45 min) og sikkerhetskurs på veg (3t.)

I denne klassa må man i tillegg bestå ei praktisk førarprøve ved trafikkstasjonen.


Sjekk ut vegvesenet sin tilhengarkalkulator. Tast inn reg.nr. så kan du raskt få info om kva førarkort du treng og kor tung hengar din bil kan trekkje.