FØRARKORT KLASSE C

NESTE KURS

Teorikurs KL C / KL D
  • 2., 7. og 9. November

Teorikurset går over tre kveldar. Køyretimar og andre obligatoriske kurs på dagtid avtalast med den enkelte undervegs.
Vi reknar 4 veker frå første teorikursdag til avslutta opplæring, med muligheit for individuell tilpasning.


Teorikurset er felles for lastebil og buss.

Våre C-elevar har førehandsrett til plass på påfølgande CE og YSK-kurs.

Ta kontakt for påmelding

Alderskrav 21 år.

Du må ha førarkort kl. C dersom du skal køyre motorvogn (Lastebil) med tillatt totalvekt over 3 500 kg og som er godkjend for transport av høgst 8 passasjerar. 

Med førerkort kl. C kan du trekke tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg, dersom du skal trekke tyngre tilhengar må du utvide førarkortet til kl. CE.

Dersom du skal arbeide som yrkessjåfør og transportere personar eller gods mot vederlag, dvs. får betaling for transporten må du i tillegg ha yrkessjåførkompetanse. Sjå informasjon om yrkessjåførkompetanse under  "yrkessjåfør".