FØRARKORT KLASSE D1

Alderskrav 21 år.

Du må ha førarkort kl. D1 dersom du skal køyre motorvogn (Minibuss) som er godkjend for transport av fleire enn 8, men høgst 16 passasjerar. Motorvogna si lengde må ikkje overstige 8 meter. 

Med førarkort kl. D1 kan du trekke tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg, dersom du skal trekke tyngre tilhengar må du utvide førarkortet til kl. D1E.

Dersom du skal arbeide som yrkessjåfør og transportere personar eller gods mot vederlag, dvs. får betaling for transporten må du i tillegg ha yrkessjåførkompetanse. Sjå informasjon om dette under fana "yrkessjåfør".

Vi har jevnlig opplæring på denne klassa. Ta kontakt for informasjon.