B96

Personbil og tilhengar - klasse B96

Denne klassa gjeld føring av vogntog (bil+tilhengar) med samla tillatt totalvekt som er 750 kg høgare enn vogntogvekta på 3500 kg for rein klasse B.

Du kan altså føre vogntog med samla tillatt totalvekt inntil 4250 kg for B96.

Minstealder: 18 år.

Det er ingen førarprøve i denne klassa. Etter at all obligatorisk opplæring er registrert ved Statens Vegvesen, kan du bestille nytt førarkort på trafikkstasjonen.

Sjå kva førarkortklasse du treng for å føre din bil og tilhengar her:
Tilhengarkalkulator >
 

26. april 2018

Lastsikringskurs BE, B96 og D1E. Klokka 17-19.

 

Oppgi gjerne kva førarkortklasser du har frå før av, samt kva kurs du er interessert i ved henvendelsar.
For påmelding ring, send e-post eller bruk knappen nedst på sida.

Send oss ein forespørsel

Trinnvis opplæring

Køyretimar avtalast med kvar enkelt og utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg.
Ingen teoriprøve i denne klassa.

Trinn 1:
 Opplæringa i klasse B utgjer det første trinnet i klasse B96.

Trinn 2:
 Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
 Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 4:
 Kurs i sikring og merking av last - 2 timar. Obligatorisk kurs.
(Fritak dersom du har klasse C1 eller C fra før)
 Sikkerheitskurs på veg - 3 timar. Obligatorisk kurs.