D1

Minibuss - klasse D1

Denne klassa gjeld føring av motorvogn for persontransport med 9-16 passasjerplassar i tillegg til førarplassen. Motorvogna skal ikkje vere over 7,5 meter lang.
Tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg.

Minstealder: 21 år.

Alle som skal ta førarkort i tyngre klasser må ha godkjent helseattest frå lege. Denne skal leverast på trafikkstasjonen. Vi anbefalar å skaffe dette, samt søke om førarkort så snart du har starta på opplæringa.

Dersom du skal køyre minibuss i yrkessamanheng må du også ha yrkessjåførutdanning for persontransport.
 

Oppgi gjerne kva førarkortklasser du har frå før av, samt kva kurs du er interessert i ved henvendelsar.
For påmelding ring eller send e-post.

Send oss ein forespørsel

Trinnvis opplæring

Dei aller fleste vel å lese til teoriprøve for minibuss på eiga hand.
Køyretimar avtalast undervegs med kvar enkelt utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg.
Teoriprøve må vere bestått, og helseattest levert på trafikkstasjonen før ein kan bestille oppkøyring.

Trinn 1:
 Grunnkurs tunge køyretøy - 3 timar. Obligatorisk.
(Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse fra før)

Trinn 2:
 Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
 Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 4:
 Ulykkesberedskapskurs - 9 timar. Obligatorisk og felles for alle tunge klasser. (Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse frå før)
 Sikkerheitskurs på veg - 6 timar. Obligatorisk kurs.
(Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse frå før)
 Avsluttande opplæring før førarprøve.

 

Oppstart KL D1

Vi startar individuelt med opplæring i denne klassa. Ulykkesberedskapskurs er felles med andre tunge klasser, og går til fastsette datoar.