BE

Neste lastsikringskurs BE, B96 og D1E. Kl. 17.00-18.30

21. mars - 24

Kl. 17.00 Lastsikringskurs. (Felles med B96 og D1E)

Ledige plassar

02. mai - 24

Kl. 17.00 Lastsikringskurs. (Felles med B96 og D1E)

Ledige plassar

 

Oppgi gjerne kva førarkortklasser du har frå før av, samt kva kurs du er interessert i ved henvendelsar.
For påmelding ring eller send e-post.

 
Denne klassa gjeld trekking av tilhengar med ei tillatt totalvekt over 750 kg som ein ikkje kan trekkje med rein klasse B.

Det er altså vognkortet som set begrensingar.

Minstealder: 18 år.

Sjå kva førarkortklasse du treng for å føre din bil og tilhengar her:
Tilhengarkalkulator >

Trinnvis opplæring

Køyretimar avtalast med kvar enkelt og utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg.
Ingen teoriprøve i denne klassa.

Trinn 1:
 Opplæringa i klasse B utgjer det første trinnet i klasse BE.

Trinn 2:
 Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
 Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 4:
 Kurs i sikring og merking av last - 2 timar. Obligatorisk kurs.
(Fritak dersom du har klasse C1 eller C fra før)
 Sikkerheitskurs på veg - 3 timar. Obligatorisk kurs.
 Avsluttande opplæring før førarprøve.