Om oss

Litt om oss

Hans Ivar Langvatn har drive med trafikkopplæring sidan 1997 - både på personbil og lastebil, i tillegg til å ha arbeidd som yrkessjåfør i 10 år før det. Såleis har han opparbeidd seg brei erfaring til å gi deg som elev best mogleg utbytte av opplæringa. Vi driv seriøs opplæring og har lav strykprosent.


I 2016 fekk vi ein trafikkærar til med på laget. Ragnar Masdal driv hovudsakleg opplæring på tungbil.

På YSK-kursa våre har vi satt saman ein engasjert og dyktig gjeng. Her nyttar vi både interne og eksterne forelesarar samt instruktørar med lang erfaring innan sine emner.

Kontoret og undervisningslokalet vårt finn du i Furene i Volda. adresse Morkamyra 15. Furene litt plassert i knytepunktet mellom ytre og indre Sunnmøre med busshaldeplass, kafè, daglegvarebutikk og god parkering. Gode bussforbindelsar både mot Ålesund og Stryn.
 

Som elev ved Langvatn Trafikkskule AS får du individuelt tilpassa opplæringa så langt det er mogleg innanfor dei rammene som læreplanen gjev.

Vi forhandlar lærebøker og arbeidsbøker til dei forskjellige førarkortklassene.

Vi kan og skaffe lydbøker, e-bøker og spesielle opplæringsprogram på data for dei som treng det eller ynskjer det.

Vi har god erfaring med elevar med lese- og skrivevanskar og har godt tilrettelagt opplegg for dette.