Personvernerklæring

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa gjeld for Langvatn Trafikkskule AS, ei privat verksemd som driv trafikkopplæring.


Erklæringa forklarar kvifor vi samlar inn informasjon om deg, korleis vi bruker denne informasjonen og korleis vi tar omsyn til personvernet ditt.
Langvatn Trafikkskule AS er handsamingsansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar.
 
Kontaktinformasjonen til Langvatn Trafikkskule AS er:  
E-post: postmaster@langvatntrafikkskule.no
Telefon: 97152575
 
For spørsmål du måtte ha om vår handsaming av dine personopplysningar kan du kontakte oss på ovannemde e-post eller telefon.
Med personopplysningar meinast opplysningar eller vurderingar som kan knyttast til ein enkeltperson.
Som trafikkskule må vi samle inn nokre personopplysningar om deg i samband med undervisning. Dette vil være navn, fødselsnummer og kontaktinformasjon.
Denne informasjonen gir du sjølv til oss når du skal starte opplæringa. Adresse hentast frå folkeregisteret gjennom vårt administrasjonssystem TABS. Bakgrunnen for dette er at utført obligatorisk opplæring skal registrerast hjå Statens Vegvesen, slik at eksempelvis førerkort kan utferdast til rett person når den tid kjem. Desse personopplysningane er også synlige for TABS AS, men holdast internt hos dei og brukast ikkje til markedsføring på nokon måte. Vi tek ditt personvern på alvor, og deler derfor ikkje desse opplysningane med utanforståande.  
Undervegs i opplæringa vert det ført eit personleg opplæringskort som beskriv kva du har øvd på i dei forskjellige opplæringspunkta. Detaljert info i dette opplæringskortet vert halde mellom deg og trafikkskulen og er i tillegg passordbeskytta.
Når du brukar våre nettsider nyttast informasjonskapslar (cookies) for å gi deg best brukaroppleving. Vi lagrar ikkje informasjon som kan identifisere brukaren på denne måten. Når du kontaktar oss gjennom våre nettsider vil personopplysningane du har oppgitt loggast hjå oss slik at vi kan svare deg.  
 
Trafikkopplæring 
Vårt grunnlag for å handsame personopplysningar framgår av Vegtrafikkloven med forskrifter.
Vi nemner spesielt Trafikkopplæringsforskrifta og Førerkortforskrifta.
For å kunne tilby trafikkopplæring er vi avhengige av å samle inn personopplysningar om deg. Når du kontaktar oss på telefon, mail, ved oppmøte eller vår heimeside treng vi navn, mobilnummer og fødselsdato for å registrere deg som elev. Vi vil vidare hente inn adresse og fødselsnummer gjennom vårt administrasjonssystem TABS som er kobla mot folkeregisteret. Dette treng vi for å kunne opprette opplæringskort som seinare vil bli sendt elektronisk til Statens Vegvesen for registrering av obligatorisk opplæring. Vi vil også ha behov for epostadresse for å kunne holde kontakt seinare.
Personopplysningane vil være lagra i TABS i 5 år jf. Forskrift om trafikkopplæring og førerprøve § 5-6 Opplæringskort.

Opplæringskort 
Forskrift om trafikkopplæring og førerprøve påbyr bruk av opplæringskort i undervisninga. Dette vert ført elektronisk i TABS system for booking og administrasjon for trafikkskular. Opplæringskortet inneheld opplysningar om elevens navn, adresse, fødselsdato, elevnummer og antall undervisningstimar. I tillegg inneheld det informasjon om kva som er øvd på i dei enkelte undervisningstimane.  Spesifikk informasjon om kva som er gjort i den enkelte undervisningstimen er kun tilgjengelig for dei tilsette ved Langvatn Trafikkskule AS og nyttast kun når det er nødvendig i høve til opplæring og administrasjon. Informasjon om utført obligatorisk opplæring vil etter utføring være tilgjengelig for Statens Vegvesen då dette er pålagt å innrapportere. Opplæringskortet er påbudt oppbevart i fem år.

Elevfortegnelse 
Forskrift om trafikkopplæring og førarprøve påbyr trafikkskulen bruk av fortegnelse over alle sine elevar. Denne inneheld elevens navn, adresse, fødselsnummer, og når eleven byrja og slutta, samt kva delar av den obligatoriske opplæringa som er gjennomført. Denne er kun tilgjengelig for Langvatn Trafikkskule AS sine tilsette og Statens Vegvesen. Elevfortegnelsen er påbudt oppbevart i fem år.
 
Langvatntrafikkskule.no og TABSelev.no
«langvatntrafikkskule.no»  er utvikla av oss gjennom Webhuset AS sin plattform, nettstaden er også kobla til TABSelev.no. Webhuset AS og TABS AS er databehandlar for Langvatn Trafikkskule AS.
Websiden «TABSelev.no» er utviklet av TABS AS og er tilgjengelig for brukere som er kunde hjå Langvatn Trafikkskule AS som brukar administrasjons- og bookingsystemet TABS.

Opplysningar om deg og din bruk av tjenesten
Informasjon som visast på websida og/eller som du registrerer på websida er knytta til kundeforholdet mellom deg og Langvatn Trafikkskule AS.  
Opplysningar og anna informasjon du måtte angi på denne websida via kontaktskjemaet vidareformidlast til Langvatn Trafikkskule AS og mellomlagrast ikkje hjå våre databehandlere.
Det er trafikkskulen som er ansvarlig for handsaming av dine personopplysningar. Som eigar av dine eigne personopplysningar har du rett til innsyn i eigne opplysningar og har rett til å få data retta og sletta med visse atterhald.
Har du spørsmål om korleis dine personopplysningar vert handsama som du ikkje finn svar på her - eller ynskjer du innsyn, retting eller sletting av data - kan du kontakte Langvatn Trafikkskule AS som er ansvarlig for handsaminga av dine data.

Teknisk informasjon
For å kunne levere tjenesten, for å tilby ein best mogleg brukaroppleving til deg og for å kunne tilby support, samlar vi inn og handsamar ein del teknisk informasjon om besøkande på nettsida. Vår nettstadsplattform Webhuset AS handsamar informasjon om kva slags nettlesar du brukar, IP-adressa di, landingsside og besøkshistorikk. Denne informasjonen vert brukt i digitale analyseverktøy for å forbedre nettsiden vår.  
Som dei fleste nettstadar nyttar websida seg av informasjonskapslar (cookies). Ein informasjonskapsel er ei tekstfil som ved besøk på, eller interaksjon med, ei nettside leggast i din nettlesar sitt internminne. Websida brukar informasjonskapslar til statistikk, i den hensikt å kunne gjere nettsidene våre enda meir brukarvenlege.
I informasjonskapslane lagrast IP-adresse, kva nettlesar og operativsystem som nyttast, samt data over besøkte undersider med dato/tidspunkt for besøket. Vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere brukaren.
Ved å bruke websida samtykker du til at vi kan sette informasjonskapslar i din nettlesar. Hvis du ikkje ynskjer å samtykke til dette, kan du administrere bruken av informasjonskapslar i nettlesaren din.
Det kan du lese meir om her: https://nettvett.no/slik-administrer-du-informasjonskapsler/
 
E-post og telefon
Langvatn Trafikkskule AS nyttar e-post og telefon som ein del av det daglige arbeidet for å oppfylle lovpålagte oppgåver etter personopplysningslov og forvaltningslov. Daglig leder der eposten eller telefonsamtalen mottas har det daglige ansvaret for handsaminga av personopplysningar i denne samanheng. Relevante opplysningar som framkjem av sms og epostutveksling som skjer som ein del av saksbehandling journalførast.  
Våre medarbeidarar nyttar i tillegg e-post i alminneleg dialog med interne og eksterne kontaktar. Den enkelte er ansvarlig for å slette meldingar som ikkje lenger er aktuelle, og minst kvart år gjennomgå og slette unødvendig innhald i e-postkassa. Ved fratreden slettast e-postkontoane, men enkelte relevante e-postar vil normalt bli overført til kollegaer.
Telefonsamtaler (telefonnummer fra og til, samt tidspunkt for samtalen) logges hjå vår telefonoperatør. Telenor er vår operatør og lagrar denne loggen i hht sine rutiner. Loggen nyttast ikkje av Telenor for å kontakte deg. Dersom en telefonsamtale er knytta til ei enkeltsak, vil det kunne bli skrive eit notat etter samtalen som journalførast. Dette gjeld også dersom tilsette kontaktast på deira personlege telefon. Det gjerast ingen øvrig systematisk registrering av telefonsamtalar der innringar kan identifiseres.  

Anna relevant lovgivning
I tillegg til Personopplysningsloven har mellom anna fylgjande lover og forskrifter betydning for Langvatn Trafikkskule AS:
Veitrafikkloven med forskrifter
Arbeidsmiljøloven med forskrifter, som regulerer arbeidsgivers og arbeidstakers plikter og arbeidsmiljøet.
Skatteloven, som regulerer skatteplikt for virksomheter og privatpersoner og opplysningsplikt i den sammenheng.
Folketrygdloven, som regulerer pålagte trygdeordninger for alle som er bosatt i Norge. Herunder økonomiske stønader i forbindelse med sykdom, svangerskap, fødsel, arbeidsløshet, uførhet med mer.
Arkivloven, som gir regler om hvordan arkivskaper skal behandle og oppbevare saksdokumenter.  

Rettar
Alle som spør har rett på grunnleggande informasjon om handsamingar av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslovens § 18, 1. ledd. Langvatn Trafikkskule AS har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil vise til den ved eventuelle førespurnadar. Dei som er registrert i eit av våre system har rett på innsyn i eigne opplysningar. Vedkomande har også rett til å be om at uriktige, ufullstendige eller opplysningar Langvatn Trafikkskule AS ikkje har adgang til å handsame blir retta, sletta eller supplert. Krav frå den registrerte besvares kostnadsfritt og seinast innan 30 dager.

 

 


Kontakt oss