YRKESSJÅFØR ETTERUTDANNING GODS

YSK Etterutdanning Godstransport 35 t

NESTE KURS

YSK Etterutdanning Godstransport 35 t
  • 26. - 30. Oktober (tors-man)

Ta kontakt for påmelding eller meir informasjon

Dersom du skal arbeide som yrkessjåfør og transportere personar eller gods med tyngre køyrety mot vederlag, dvs. får betaling for transporten må du ha yrkessjåførkompetanse. Yrkessjåførkompetansen dokumenterast med kode 95 i førarkortet. Yrkessjåførkompetansen må fornyast kvart femte år.


Etterutdanning Godstransport: 
Er du yrkessjåfør og må fornye di yrkessjåførkompetanse kan du gjere det ved å delta på eit etterutdanningskurs på 35 timar. Ta kontakt med Statens vegvesen trafikkstasjon dersom du er usikker på når di yrkessjåførkompetanse går ut og du må gjennomføre etterutdanning.

Vi anbefalar at du sjekkar dette og melder deg opp til kurs i god tid. Ver obs på at for å kunne delta på kurset må du ha gyldig førarkort.

Utdanninga er obligatorisk og det er krav om 100% oppmøte for å få godkjent bevis. Dersom du er vekke frå kurset må den aktuelle modulen takast att ved eit anna kurs innan 6 mnd.


Innhald i utdanninga: 

Modul 1. Vegtransport og samfunnet.
Modul 2. Yrkessjåførens sikkerhet, helse og arbeidsmiljø.
Modul 3. Kunnskap om optimal bruk av tunge kjøretøy.
Modul G4. Godstransportens vilkår.
Modul G5. Godstransport i praksis.
Modul 6. Sikker atferd på veien.

Kurset inneheld både teori, ulykkesberedskap, sikring av last og praktisk kjøring med fokus på optimal bruk av køyretøyet og sikker atferd på vegen.

Vi tilbyr også utviding for etterutdanning for buss; YSK Utvidelse Persontransport 7 t

For ytterlegare informasjon, ta kontakt.