YSK Etterutdanning Gods 35t

YSK Etterutdanning Gods 35t

Har du førarkort med kode 95 eller eige YSK-bevis må du gjennomføre etterutdanning innan utløpsdatoen for å oppretthalde samanhengande yrkessjåførkompetanse.

Yrkessjåførkompetansen (YSK) er gyldig i 5 år.

Vi held etterutdanningskurs for gods, med muligheit for ein påbyggingsdag for persontransport.

Er du usikker på når du må gjennomføre etterutdanningskurs?
Kontakt oss, eller Statens Vegvesen for å sjekke når fristen går ut.

Kurs hausten 2018

Det vert helgekurs torsdag til mandag 16.-20. august (få plassar att!!) og 1.-5. november, og vekekurs mandag til fredag 10-14 september, 15. - 19. oktober, og 10.- 14. desember

Kurset er satt opp slik:

Utdanninga består av 6 modular og det er krav om 100% oppmøte for å få godkjent kurs. Til saman 5 dagar på skulen.
Vi har satt saman eit godt team av både interne og eksterne forelesarar, instruktørar og trafikklærarar.

Det er ingen prøve etter endt kurs.

For å kunne delta på etterutdanning må du ha gyldig førarrett i klasse C1, C1E, C eller CE og ha yrkessjåførkompetanse som kan fornyast.


Modul 1: Vegtransporten og samfunnet.
    Forelesing og erfaringsutveksling.

Modul 2: Yrkessjåførens sikkerheit, helse og arbeidsmiljø.
    Forelesing og kurs i ulykkesberedskap. Førstehjelp og brannøving.

Modul 3: Køyretøyteknikk og optimal bruk av tunge køyretøy.
    Teori og praktiske øvingar utandørs.

Modul G4: Godstransportens vilkår.
    Forelesing og erfaringsutveksling, gruppearbeid.


Modul G5: Godstransport i praksis.
    Gruppeoppgåver, nyttelastberegning og lastsikringskurs.

Modul 6: Sikker atferd på vegen.
    Praktisk køyring. Optimal utnytting av køyretøyet i fokus.

Når etterutdanninga er gjennomført må du vende deg til ein trafikkstasjon for å fornye yrkessjåførkompetansen. 
Vi anbefalar at du tar med deg helseattest så du kan fornye førarkortet samtidig.

Send oss ein forespørsel