YSK Grunn Persontransport 140t

YSK Grunn Persontransport 140t - kombinertkurs NKI

Komprimert grunnutdanning 140 timar.

For deg som skal køyre godstransport med køyretøy i klasse D1, D1E, D eller DE.

Når prøve er bestått og YSK er oppnådd kan du frå fylte:
  • 21 år køyre persontransport med førarkort klasse D1 og D1E.
  • 21 år køyre persontransport i rute med lengde på opptil 50 km med førarkort klasse D og DE.
  • 23 år køyre persontransport med førarkort klasse D og DE.
 

Ta kontakt for informasjon om kurs 2018.

 

Kurset er satt opp slik:

Utdanninga består av 6 modular og det er krav om 90% oppmøte for å få godkjent kurs. Til saman 14 dagar heimestudie og 14 dagar på skulen.
Vi har satt saman eit godt team av både interne og eksterne forelesarar, instruktørar og trafikklærarar.
Vi startar med ei kveldssamling der alle blir registrert som elev med NKI-nettstudier og får utdelt kursmateriell/bøker.


Veke 1: Nettbaserte heimestudier.
Modul 1: Vegtransporten og samfunnet.
    Avsluttast med to innsendingsoppgåver til NKI.

Modul 2: Yrkessjåførens sikkerheit, helse og arbeidsmiljø.
    2.1-2.3 - NKI
    Avsluttast med ei innsendingsoppgåve til NKI.



Veke 2: På skulen.
    2.4-2.9 -  Både teori og praktiske øvingar.
    Her inngår også  ulykkesberedskap. (Fritak dersom du har gjennomført dette i førarkortopplæringa)

Modul 3: Køyretøyteknikk og optimal bruk av tunge køyretøy.
    Teori, praktiske øvingar og bedriftsbesøk.



Veke 3: Nettbaserte heimestudier.
Modul P4: Persontransportens vilkår.
    Avlsuttast med ei innsendingsoppgåve til NKI.


Veke 4: På skulen.
Modul P5: Persontransport i praksis.
    Både teori og praktiske øvingar.

Modul 6: Sikker atferd på vegen.
    Praktiske køyreoppdrag i samband med teori.
    Her får alle tildelt individuelt tilpassa timeplan.

Etter fullført kurs må eleven bestå teoriprøve på trafikkstasjonen før ein kan bestille YSK-bevis (kode 95 på førarkortet)

Send oss ein forespørsel