B

Personbil - klasse B

Denne klassa gjeld føring av motorvogn med tillatt totalvekt høgst 3500 kg og som er godkjend for høgst 8 passasjerar i tillegg til førar.

Tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg etter hovudregelen.
Du kan trekkje tilhengar med tillatt totaltvekt over 750 kg så lenge tillatt totalvekt for vogntoget (bil+tilhengar) er høgst 3500 kg.
Sjekk vognkort for bil og tilhengar!

Minstealder: 18 år.

Vi held ikkje trafikalt grunnkurs i klasse B.
Elevane som kjem til oss startar difor rett på trinn 2 i opplæringa.

Hugs å ta med ditt bevis for øvingskøyring som du fekk når du fullførte trafikalt grunnkurs!

Oppstart KL B

Vi startar individuelt med denne klassa. Ta kontakt for å avtale køyretimar.

 

Oppgi gjerne kva førarkortklasser du har frå før av, om du ønsker manuelt eller automatgir, samt kva kurs du er interessert i ved henvendelsar.

Send oss ein forespørsel

Trinnvis opplæring

Køyretimar avtalast med kvar enkelt og utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg.
Teoriprøve må vere bestått før ein kan bestille oppkøyring.

Trinn 1:
 Trafikalt grunnkurs.
Vi tilbyr ikkje dette kurset hjå oss.

Trinn 2:
 Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
 Sikkerheitskurs på bane - 4 timar. Obligatorisk kurs.
 Forbikøyring.
 Bykøyring.
 Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 4:
 Individuell tilpassing og mengdetrening.
 Sikkerheitskurs på veg - 13 timar. Obligatorisk kurs.
 Avsluttande opplæring før førarprøve.