Ledig stilling

Er du vår nye trafikklærar for tunge køyretøy?

Langvatn Trafikkskule AS i Volda har opplæring på tunge køyretøy klasse C, CE, D, C1, D1, D1E og yrkessjåføropplæring grunn- og etterutdanning innan gods- og persontransport. Vi har i tillegg opplæring i klassene B, BE, B96 og ADR-kurs.

Grunna stor arbeidsmengde ser vi no behov for ein trafikklærar med hovudfokus på storbilopplæring.

Vi kan tilby;

·       Ein heiltidsjobb hos ein trafikkskule i vekst

·       Fantastisk utsikt til sunnmørsk natur, fjell og fjordar frå arbeidsplassen på hjul

·       Gode arbeidsverktøy og eigen kontorplass

·       Eit utviklande opplæringsmiljø med moderne undervisningslokale og gode lærevogner

·       Allsidig arbeid

·       I tillegg til køyretimar er det ønskeleg at ein kan ta del i teoretisk undervisning og utvikling.

 
Kvalifikasjonar og eigenskapar;

·       Relevante og nødvendige godkjenningar for å kunne utøve faget som trafikklærar på       tunge køyretøy

·       Sjølvstendig og likar å jobbe i team

·       Fleksibel

·       Kvalitetsbevisst

·       Jobbe effektivt og bruke digitale verktøy

·       Gode kommunikasjonsevner og meistrar norsk og engelsk munnleg og skriftleg.


Langvatn Trafikkskule AS har eit positivt og triveleg miljø der vi arbeider i takt med slagordet «Ta lappen med eit smil!»

Konkurransedyktige løningsforhold.


Har du lyst å bli ein del av gjengen hos oss vil vi gjerne at du tek kontakt.

Ring dagleg leiar Hans Ivar Langvatn for meir informasjon
(mob. 918 52 575)

Send søknad med CV til: postmaster@langvatntrafikkskule.no 

Søknadsfrist: Snarast