Denne personvernerklæringa gjeld for Langvatn Trafikkskule AS, ei privat verksemd som driv trafikkopplæring.
Erklæringa forklarar kvifor vi samlar inn informasjon om deg, korleis vi bruker
denne informasjonen og korleis vi tar omsyn til personvernet ditt.
Langvatn Trafikkskule AS er handsamingsansvarleg for verksemda si handsaming
av personopplysningar.
Kontaktinformasjonen til Langvatn Trafikkskule AS er:
E-post: postmaster@langvatntrafikkskule.no
Telefon: 97152575
For spørsmål du måtte ha om vår handsaming av dine personopplysningar kan du
kontakte oss på ovannemde e-post eller telefon.
Med personopplysningar meinast opplysningar eller vurderingar som kan knyttast
til ein enkeltperson.
Som trafikkskule må vi samle inn nokre personopplysningar om deg i samband med
undervisning. Dette vil være navn, fødselsnummer og kontaktinformasjon.
Denne
informasjonen gir du sjølv til oss når du skal starte opplæringa. Adresse
hentast frå folkeregisteret gjennom vårt administrasjonssystem TABS. Bakgrunnen
for dette er at utført obligatorisk opplæring skal registrerast hjå Statens
Vegvesen, slik at eksempelvis førerkort kan utferdast til rett person når den
tid kjem. Desse personopplysningane er også synlige for TABS AS, men holdast internt hos dei og brukast ikkje til markedsføring på nokon måte. Vi tek ditt
personvern på alvor, og deler derfor ikkje desse opplysningane med
utanforståande.
Undervegs i opplæringa vert det ført eit personleg opplæringskort som beskriv
kva du har øvd på i dei forskjellige opplæringspunkta. Detaljert info i dette
opplæringskortet vert halde mellom deg og trafikkskulen og er i tillegg
passordbeskytta.
Når du brukar våre nettsider nyttast informasjonskapslar (cookies) for å gi deg
best brukaroppleving. Vi lagrar ikkje informasjon som kan identifisere brukaren
på denne måten. Når du kontaktar oss gjennom våre nettsider vil
personopplysningane du har oppgitt loggast hjå oss slik at vi kan svare deg.
Trafikkopplæring
Vårt grunnlag for å handsame personopplysningar framgår av Vegtrafikkloven med
forskrifter.
Vi nemner spesielt Trafikkopplæringsforskrifta og Førerkortforskrifta.
For å kunne tilby trafikkopplæring er vi avhengige av å samle inn
personopplysningar om deg. Når du kontaktar oss på telefon, mail, ved oppmøte
eller vår heimeside treng vi navn, mobilnummer og fødselsdato for å registrere
deg som elev. Vi vil vidare hente inn adresse og fødselsnummer gjennom vårt
administrasjonssystem TABS som er kobla mot folkeregisteret. Dette treng vi for
å kunne opprette opplæringskort som seinare vil bli sendt elektronisk til
Statens Vegvesen for registrering av obligatorisk opplæring. Vi vil også ha
behov for epostadresse for å kunne holde kontakt seinare.
Personopplysningane vil være lagra i TABS i 5 år jf. Forskrift om
trafikkopplæring og førerprøve § 5-6 Opplæringskort.
Opplæringskort
Forskrift om trafikkopplæring og førerprøve påbyr bruk av opplæringskort i
undervisninga. Dette vert ført elektronisk i TABS system for booking og
administrasjon for trafikkskular. Opplæringskortet inneheld opplysningar om
elevens navn, adresse, fødselsdato, elevnummer og antall undervisningstimar. I
tillegg inneheld det informasjon om kva som er øvd på i dei enkelte
undervisningstimane. Spesifikk
informasjon om kva som er gjort i den enkelte undervisningstimen er kun
tilgjengelig for dei tilsette ved Langvatn Trafikkskule AS og nyttast kun når
det er nødvendig i høve til opplæring og administrasjon. Informasjon om utført
obligatorisk opplæring vil etter utføring være tilgjengelig for Statens
Vegvesen då dette er pålagt å innrapportere. Opplæringskortet er påbudt
oppbevart i fem år.
Elevfortegnelse
Forskrift om trafikkopplæring og førarprøve påbyr trafikkskulen bruk av fortegnelse
over alle sine elevar. Denne inneheld elevens navn, adresse, fødselsnummer, og
når eleven byrja og slutta, samt kva delar av den obligatoriske opplæringa
som er gjennomført. Denne er kun tilgjengelig for Langvatn Trafikkskule AS sine
tilsette og Statens Vegvesen. Elevfortegnelsen er påbudt oppbevart i fem
år.
Langvatntrafikkskule.no og TABSelev.no
«langvatntrafikkskule.no» er utvikla av
oss gjennom Webhuset AS sin plattform, nettstaden er også kobla til TABSelev.no.
Webhuset AS og TABS AS er databehandlar for Langvatn Trafikkskule AS.
Websiden «TABSelev.no» er utviklet av TABS AS og er tilgjengelig for brukere
som er kunde hjå Langvatn Trafikkskule AS som brukar administrasjons- og
bookingsystemet TABS.
Opplysningar om deg og din bruk av tjenesten
Informasjon som visast på websida og/eller som du registrerer på websida er
knytta til kundeforholdet mellom deg og Langvatn Trafikkskule AS.
Opplysningar og anna informasjon du måtte angi på denne websida via
kontaktskjemaet vidareformidlast til Langvatn Trafikkskule AS og mellomlagrast
ikkje hjå våre databehandlere.
Det er trafikkskulen som er ansvarlig for handsaming av dine
personopplysningar. Som eigar av dine eigne personopplysningar har du rett til
innsyn i eigne opplysningar og har rett til å få data retta og sletta med visse
atterhald.
Har du spørsmål om korleis dine personopplysningar vert handsama som du ikkje
finn svar på her - eller ynskjer du innsyn, retting eller sletting av data -
kan du kontakte Langvatn Trafikkskule AS som er ansvarlig for handsaminga av
dine data.
Teknisk informasjon
For å kunne levere tjenesten, for å tilby ein best mogleg brukaroppleving til
deg og for å kunne tilby support, samlar vi inn og handsamar ein del teknisk
informasjon om besøkande på nettsida. Vår nettstadsplattform Webhuset AS
handsamar informasjon om kva slags nettlesar du brukar, IP-adressa di,
landingsside og besøkshistorikk. Denne informasjonen vert brukt i digitale
analyseverktøy for å forbedre nettsiden vår.
Som dei fleste nettstadar nyttar websida seg av informasjonskapslar (cookies).
Ein informasjonskapsel er ei tekstfil som ved besøk på, eller interaksjon med,
ei nettside leggast i din nettlesar sitt internminne. Websida brukar
informasjonskapslar til statistikk, i den hensikt å kunne gjere nettsidene våre
enda meir brukarvenlege.
I informasjonskapslane lagrast IP-adresse, kva nettlesar og operativsystem som
nyttast, samt data over besøkte undersider med dato/tidspunkt for besøket. Vi
lagrar aldri informasjon som kan identifisere brukaren.
Ved å bruke websida samtykker du til at vi kan sette informasjonskapslar i din
nettlesar. Hvis du ikkje ynskjer å samtykke til dette, kan du administrere
bruken av informasjonskapslar i nettlesaren din.
Det kan du lese meir om her: https://nettvett.no/slik-administrer-du-informasjonskapsler/
E-post og telefon
Langvatn Trafikkskule AS nyttar e-post og telefon som ein del av det daglige
arbeidet for å oppfylle lovpålagte oppgåver etter personopplysningslov og
forvaltningslov. Daglig leder der eposten eller telefonsamtalen mottas har det
daglige ansvaret for handsaminga av personopplysningar i denne samanheng.
Relevante opplysningar som framkjem av sms og epostutveksling som skjer som ein
del av saksbehandling journalførast.
Våre medarbeidarar nyttar i tillegg e-post i alminneleg dialog med interne og
eksterne kontaktar. Den enkelte er ansvarlig for å slette meldingar som ikkje
lenger er aktuelle, og minst kvart år gjennomgå og slette unødvendig innhald i
e-postkassa. Ved fratreden slettast e-postkontoane, men enkelte relevante
e-postar vil normalt bli overført til kollegaer.
Telefonsamtaler (telefonnummer fra og til, samt tidspunkt for samtalen) logges hjå
vår telefonoperatør. Telenor er vår operatør og lagrar denne loggen i hht sine
rutiner. Loggen nyttast ikkje av Telenor for å kontakte deg. Dersom en
telefonsamtale er knytta til ei enkeltsak, vil det kunne bli skrive eit notat
etter samtalen som journalførast. Dette gjeld også dersom tilsette kontaktast
på deira personlege telefon. Det gjerast ingen øvrig systematisk registrering
av telefonsamtalar der innringar kan identifiseres.
Anna relevant lovgivning
I tillegg til Personopplysningsloven har mellom anna fylgjande lover og
forskrifter betydning for Langvatn Trafikkskule AS:
Veitrafikkloven med forskrifter
Arbeidsmiljøloven med forskrifter, som regulerer arbeidsgivers og arbeidstakers
plikter og arbeidsmiljøet.
Skatteloven, som regulerer skatteplikt for virksomheter og privatpersoner og
opplysningsplikt i den sammenheng.
Folketrygdloven, som regulerer pålagte trygdeordninger for alle som er bosatt i
Norge. Herunder økonomiske stønader i forbindelse med sykdom, svangerskap,
fødsel, arbeidsløshet, uførhet med mer.
Arkivloven, som gir regler om hvordan arkivskaper skal behandle og oppbevare
saksdokumenter.
Rettar
Alle som spør har rett på grunnleggande informasjon om handsamingar av
personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslovens § 18, 1. ledd. Langvatn
Trafikkskule AS har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil vise
til den ved eventuelle førespurnadar. Dei som er registrert i eit av våre
system har rett på innsyn i eigne opplysningar. Vedkomande har også rett til å
be om at uriktige, ufullstendige eller opplysningar Langvatn Trafikkskule AS
ikkje har adgang til å handsame blir retta, sletta eller supplert. Krav frå den
registrerte besvares kostnadsfritt og seinast innan 30 dager.