C

Lastebil - klasse C

Denne klassa gjeld føring av motorvogn med tillatt totalvekt over 7500 kg som er godkjent for transport av høgst 8 passasjerar i tillegg til førar.

Tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg.

Minstealder: 21 år.

Alle som skal ta førarkort i tyngre klasser må ha godkjent helseattest frå lege. Denne skal leverast på trafikkstasjonen. Vi anbefalar å skaffe dette, samt søke om førarkort så snart du har starta på opplæringa.

Dersom du skal køyre lastebil i yrkessamanheng må du også ha yrkessjåførutdanning for gods.
 

24/5, 29/5 og 31/5

Teorikurs for lastebil. Kl. 17-20.

 

Oppgi gjerne kva førarkortklasser du har frå før av, samt kva kurs du er interessert i ved henvendelsar.

Send oss ein forespørsel

Trinnvis opplæring

Teorikurs for lastebil går over tre kveldar.
Køyretimar avtalast med kvar enkelt og utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg.
Teoriprøve må vere bestått, og helseattest levert på trafikkstasjonen før ein kan bestille oppkøyring.

Trinn 1:
 Grunnkurs tunge køyretøy - 3 timar. Obligatorisk.
(Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse fra før)

Trinn 2:
 Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
 Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 4:
 Ulykkesberedskapskurs - 9 timar. Obligatorisk og felles for alle tunge klasser. (Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse frå før)
 Lastsikringskurs - 9 timar. Obligatorisk og felles for C og C1.
(Fritak dersom du har førarkort C1 frå før)
 Sikkerheitskurs på veg - 6 timar. Obligatorisk kurs.
 Avsluttande opplæring før førarprøve.